Spaltist

Skitprat om Oslo

Bak all skitpraten om Oslo ligg bygdedyret og skjelv i angst for den svenske gläsbygden, skriver Øyvind Strømmen.

Å rista på hovudet over det innbilte Oslo er lettvint latskap. Men det er også latskap å oversjå dei mange små ramaskrika.

For ein del år sidan var eg på vitjing hjå eit lite bryggeri i det såkalla Pajottenland, knapt meir enn eit steinkast frå Brussel.

Bryggaren der laga øl brygga på villgjær, og hadde i den samanhang støytt på nokre vanskar. Eg kan ikkje skryta på meg at eg hugsar detaljane, men vanskane hadde med EU-regelverk å gjera, og måten bryggaren omtalte desse «folka inne i Brussel» på stod – med unnatak for manglande bannskap – ikkje tilbake for den sintaste snusspyttande nordnorske fiskar eller vestlandske bonde du i det heile teke kan tenkja deg. Eg lærte noko den dagen, og det handla ikkje om ølbrygging. Det handla om avstand.

Eg har sjekka: Bryggeriet ligg ikkje meir enn ein halvtime frå Europa-kvarteret i Brussel, denne ghettoen av stål, glas og overbetalte byråkratar. Den reelle avstanden let seg ikkje måla i kilometer. Då bryggaren snakka om Brussel meinte han ikkje staden. Ikkje byen. Han snakka om makta. Om eliten, kan hende.

Oslohatet

Det er over to år sidan det var på mote å skriva om Oslo-hatet no, etter at Budstikkas Kjersti Sortland forklarte eit OL-nei med at det i distrikta bur mange som elskar å hata Oslo-folk, og dessutan lir av ein slags nissementalitet.

Det var jo ikkje fint sagt.

Ein hissig debatt følgde. Eller: nokre var iallfall sure i sosiale media. Dette gav journalistar utanfor Oslo ein moglegheit til å skriva spydige kommentarar om både OL og hovudstaden. Journalistar i Oslo fekk til gjengjeld ein moglegheit til å reisa ut av byen på jakt etter folk som ikkje hadde vore i Oslo meir enn to gongar. Eller på bygdeoriginalar som ville gjera sin landsdel om til eigen republikk. Eller som i det minste vitsa om det i sosiale media. Dette kunne ein krydra med eit intervju med Frank Aarebrot, og med eit sitat eller to folk frå folk i kommentarfelt som verkeleg ikkje likte Oslo.

Eg har noko å vedgå: Eg har kjend meg sjølv att i sitat frå slike kommentarfelt. Eg kjem frå bygda. Me elskar å snakka skit om Oslo.

Skitpratens Oslo

Det finst mange variantar av denne skitpraten, sjølvsagt, men eg skal freista å samanfatta det viktigaste. For det fyrste: Oslo-folk driv ikkje med verdiskaping. Dei driv faktisk berre og klipper håret på kvarandre. Men verst er dei som – for å sitera Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum – «går på seminar i tenketanken Civita», som lever av dette og som er «nedlatende overfor han på gravemaskinen – han som faktisk gjør slik at vi kan leve det livet vi har».

Etter at Oslo-folk har klipt håret på kvarandre og gått på Civita-seminarer, ja, så sit dei på kafé. Der snakkar dei kanskje i romantiske ordelag om ulven, som dei alle saman trur at er slik som i Rødhette og ulven. Her vil kanskje nokon peika på ein logisk brist, men Oslo-folk har sjølvsagt ikkje peiling på folkeeventyr, og overser dermed at ulven i Rødhette og ulven faktisk er skitskummel. Medan dei sit på kafé og snakkar om ulv, drikk Oslo-folk – av alle ting – kaffelatte. Altså: ikkje vanleg kaffelatte, som ein også får på Mix-en, men symbolet kaffelatte: kaffi som ikkje er kaffi lenger, berre fancy, urban og dessutan overprisa skvip.

For det andre: Det at Oslo-folk ikkje driv med verdiskaping, forklarer også at dei ikkje har greie på noko som helst, med mogleg unnatak for hårklipp. Oslo-folk forstår til dømes ikkje at oljenæringa har danna grunnlag for velstand. «Det virker noen ganger som om folk i Oslo ikke vet dette», for å sitera Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø (H). «Det gjør meg rystet».

For det tredje, og dette er viktig: Oslo-folk gjer forferdeleg dumme ting. Dette gjeld ikkje minst innan politikken. Og det gjeld på alle nivå. Dersom byrådet i Oslo gjer noko me ute på bygda ikkje liker, ja, så kan me sukka og seia noko om at dei ikkje aner korleis verda er utanfor ring 3. Dersom Stortinget gjer eit vedtak me er usamde i, ja, så gjeld same regel: dette handlar om desse folka inne i Oslo. No som det går mot tvangssamanslåing av tretten kommunar, til dømes, er det i vår skitprat liten tvil om at det handlar om Oslo-folk si manglande forståing av korleis Noreg eigentleg ser ut. At dei fleste stortingspolitikarar er valde av folk utanfor Oslo (og at Oslo jamvel er betydeleg underrepresentert) hoppar me bukk over. Det kan verka ulogisk, men forklaringa er enkel: Ein skal ikkje ha vore lenge i Oslo før ein sluttar å skjøna oss ute i distrikta. Oslo-perspektivet er uhorveleg smittsamt.

Eg tillet meg ein viss sarkasme, for sjølvsagt er dette skitprat. Det er kanskje også skitprat av ein type politikarar ikkje bør nøra opp under, med mindre dei verkeleg ynskjer seg «by og land – mann mot mann». Kjære bygdefolk: Eg trur ikkje det vil gagna oss!

Ikkje gagnar det den politiske debatten heller. Å rista på hovudet over det innbilte Oslo er lettvint latskap.

Avstanden

Men problemet er at sjølv skitprat i blant kan ha noko ved seg. For å seia det på ein annan måte: Bryggaren eg vitja i Pajottenland hadde, iallfall så langt eg kunne forstå, gode grunnar til å vera både frustrert og irritert på eit EU-byråkrati som gjorde det vanskeleg for han. Han langa ut mot Brussel, sjølv om avstanden i kilometer var liten. Ein annan avstand var det som avgjorde.

No har også Oslo-folk sjølv ein moglegheit for å kjenna på den avstanden. Regjeringa har bestemt seg for å flytta 630 arbeidsplassar ut av Oslo, og vurderer å flytta fleire, samt 600 studieplassar ved Politihøgskulen. Senterpartiet meiner at dette ikkje er nok. Og Jan Bøhler (Ap) seier: «Hadde noe sånn skjedd hvor som helst ellers i landet, så ville det blitt eit ramaskrik».

Han har rett. Sanninga er at ramaskrika går føre seg heile tida, ikkje minst knytt til sentralisering. Eg har vore med på nokre av dei sjølv. Men dei er små skrik. Om nokon lurer på – til dømes – kvifor kommunereformen har vore relativt lite vellukka, kunne det likevel vore tilrådeleg å skru på høyreapparatet. Bak all skitpraten om Oslo ligg bygdedyret og skjelv i angst for den svenske gläsbygden.

RETTING: Teksten omtala opphavleg «Rødhette og ulven» som eit norsk folkeeventyr, noko som syner at artikkelforfattaren har vore for mange gongar i Oslo. Eigentleg er det eit eventyr frå EU, og altså endå meir skitskummelt.

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden