Kulturkommentar

Skriftemål frå ein konvertitt

Då eg lærte kva eit meir konservativt nynorsk var for noko, fekk eg ei openberring.

Då eg fyrst byrja å skriva for Dag og Tid, ein vårdag for snart fire år sidan, hadde eg ikkje nytta nynorsk på femten år. Med andre ord hadde eg ikkje nytta nynorsk sidan vidaregåande skule. Og kvifor skulle eg vel det? Eg voks opp på Austlandet. Nynorsk kom meg ikkje ved. Eg hadde alt eit norsk som fungerte for meg, og det var bokmål.

Bokmålsbrukarar flest kan ikkje skriva særleg godt bokmål heller. Det må då vera viktigare å læra seg eitt skriftspråk godt enn å læra to skriftspråk halvveges, seier folk, så eg freista å gjera nett det. Eg las småskriftene til André Bjerke og lærde meg skilnaden mellom sort og svart, eg las meg opp på kommareglane, og eg freista å vera medviten om kva kvart omgrep eg nytta, eigenleg tydde. Drep meg, herre konge, men ikkje av di eg har skrive «i forhold til» når eg eigenleg meinte «om».

Eg nytta elles tida på å læra meg fransk, spansk og kinesisk. Eg freista jamvel å læra meg russisk på eit tidspunkt. Å setja i gang med å verta skikkeleg god i nynorsk såg eg verkeleg ingen grunn til. For meg var det i alle høve berre ei særform av bokmålet. Jamvel ein språkelskar som eg – etter kvart med ein mastergrad i kinesisk – såg ikkje på nynorsk som eit språk eg burde vera interessert i. Eg såg ikkje eingong på det som eit språk.

Utvatna

Når eg fyrst byrja å skriva nynorsk att, var det ikkje særleg vanskeleg å skriva rett, synte det seg. Difor var det heller ikkje særleg interessant. Så utvatna som nynorsken er no for tida, heldt det eigenleg berre å skriva «eg» og «ikkje» og elles alt anna likt som på bokmål, så sorterte målet som godkjend nynorsk. Kva skal ein austlending halda på med slikt for på fritida då?

Det hadde ikkje gått mykje tapt dersom ein førde inn svensk eller dansk att som offisielt språk i Noreg i staden for norsk.

Det finst jamvel nynorskbrukarar som skriv «Norge» i staden for «Noreg». Då saka sist var oppe til diskusjon i Språkrådet i 2011, landa rådet til slutt på at det ikkje skulle vera lov å skriva «Norge» på nynorsk. Men dei gjekk ved at det var stor folkeleg oppslutnad om framlegget.

Kva skal me med ein nynorsk som ikkje skil seg tydeleg frå bokmålet?

Unge språk

I europeisk samanheng er både nynorsk og bokmål svært unge språk. Nynorsken, særleg slik folk skriv det no for tida, er knapt for tenåring å rekna. Målet er svært nært talemålet, og det kostar ikkje eingong austlendingar ein kvart kalori å lesa ei gjennomsnittleg nynorsktekst, utover at dei kanskje stoggar opp dersom dei snåvar over eit ord som «korkje» – eller det ordet du nett las, «snåvar», som tyder «snublar». På den andre sida: Desse orda skulle dei ha lært på skulen dersom det var noko tak i læraren deira.

Les også: – Det konservative målfolket må skjerpe seg.

Det er vanskeleg å argumentera for at det er nokon stor eigenverdi i norsk som språk, anten ein har bokmål eller nynorsk i tankane. Det er ikkje ein særleg stor litterær kulturarv der, slik det er i fransk, engelsk og tysk, og det hadde ikkje gått mykje tapt dersom ein førde inn svensk eller dansk att som offisielt språk i Noreg i staden for norsk. Dersom me hadde hatt dansk som offisielt skriftspråk her i landet, ville me likevel kunna lesa norsk litteratur.

Likevel er sidemålet ein evig strid her i landet. Kvifor er det slik? Kva skal me med to skriftspråk? Skal tru kva marsbuarar hadde tenkt dersom dei såg oss frå verdsromet.

Hei og takk for at du leser Minerva! Vi har nettopp lansert denne nettavisen som fra et borgerlig ståsted skriver om politikk, kultur og andre viktige saker. Det er billig å abonnere, 49 kr. i måneden, og du kan gjøre det her!

Godhug

Det var fyrst etter nokre månader hjå Dag og Tid at eg fekk godhug for nynorsken. Kva skulle til? Jau, at eg skjøna at nynorsk faktisk skilde seg frå bokmålet på viktige punkt. Eller, for å vera meir presis: at det kunne gjera det.

Eg oppdaga det ein kan kalla ein meir konservativ nynorsk. Korrekturlesaren peika på at eg nytta a-infinitiv – for dei uinnvigde tyder det altså at eg skriv «gjera» og ikkje «gjere», jamvel om båe former er lov på nynorsk – og elles nytta nokre ord som ikkje var bokmålsnære. Eg skreiv til dømes «korkje» i staden for «verken». Var det ikkje då betre å skriva ein meir konsekvent bokmåls-ulik nynorsk?

Eg gjekk til ordbøkene og fann ord som ikkje hadde røter i tysk. Eg fann ord som hadde røter i norrønt i staden.

Sjølvsagt var det det. Eg visste berre ikkje at det fanst noko slikt. Eg trudde det var polsk riksdag og fritt fram. Og det er det jo – alle kan skriva som dei vil, innanfor svært vide råmer.

Då eg byrja å arbeida på heiltid i bladstova til Dag og Tid, fekk eg læra meg kva eit meir konservativt nynorsk var for noko. Det var ei openberring. Eg gjekk til ordbøkene og fann ord som ikkje hadde røter i tysk. Eg fann ord som hadde røter i norrønt i staden, og nynorsken min vart truleg stendig meir mødesam å lesa for ein gjennomsnittleg austlending. Samstundes vart språket stendig meir morosamt for meg å skriva.

Kritikk

Det var fyrst då eg byrja å skriva for NRK at kritikken kom. Den jamne tingaren av Dag og Tid er van med å lesa såkalla konservativ nynorsk kvar veke. Ikkje berre frå min penn, men òg frå Jon Hustad, Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, Ronny Spaans, Klaus Johan Myrvoll og andre som skriv i ein litt «konservativ» målbunad.

NRK-lesarane var noko heilt anna. I Dag og Tid fekk eg høve til å nytta nynorsknorma som galdt fram til 2012; NRK tillét det ikkje. Likevel tykte folk flest at nynorsken min var mest uleseleg.

Den fyrste kronikken eg skreiv for NRK, førde til eit ras av kritikk i sosiale medium.

Den fyrste kronikken eg skreiv for NRK, førde til eit ras av kritikk i sosiale medium. «Jeg irriterte meg over hvor tungt det var å lese», skreiv ein. «Når mann (sic) velger å benytte såpass vanskelig språk antar jeg at den som har skrevet teksten ikke ønsker at jeg skal lese den. Så da gjør jeg ikke det», skreiv ein annan.

Eg trur ikkje nokon ville ha skrytt av å ha dårleg ordtilfang i engelsk. Men når det gjeld nynorsk, var det tydelegvis fritt fram. Det var ikkje flautt å tykkja at det var tungt å lesa nynorsk. Tvert om; det var skribenten som burde skamma seg for å nytta så mange særeigne nynorskord.

Kva kan det koma av? Kvifor dette merkelege nynorskhatet?

Tvang

Når ein stikk handa inn i kvefsebolet, altså meiner noko om sidemål, får ein ofte høyra at hatet har med tvang å gjera. Kvifor skal ein tvinga bokmålsbrukarar til å læra nynorsk, og vice versa? Nei, kvifor skal ein tvinga folk til å gjera noko i det heile teke. Kommunikasjon er vanskeleg. Kvifor ikkje berre gå attende til å kommunisera med nevane? Det hadde vore lettare.

Det merkelege er at ein ikkje får høyra noko slikt om engelsk. Ein får heller ikkje høyra det same om fransk og tysk. Då er det berre bra å verta tvinga til å læra nye ord på eit framandspråk.

Nynorsk er ei anna skål.

Eg trur ikkje det handlar om tvang. Eg trur det handlar om at folk ikkje skjønar at nynorsk og bokmål kan vera to ulike språk, og at ein ikkje får læra dei to skriftspråka som nett det: to ulike språk. Kor mange norsklærarar på Austlandet tek nynorsken på alvor? Då er det likeins svært vanskeleg for ein elev å sjå kvifor det er nyttig å nytta tida på å læra det.

Det var fyrst då eg byrja å tenkja på nynorsk som mest like framandt som tysk at det verkeleg vart sus over språket.

Men saka er at nynorsk er annleis enn bokmål. Dei to språka har ulikt tal kjønn, ulik bøying i eintal og fleirtal, presens og preteritum, dei har ulike reglar for samsvarsbøying, og dei har ulikt ordtilfang. Det var fyrst då eg byrja å tenkja på nynorsk som mest like framandt som tysk at det verkeleg vart sus over språket, og fyrst då fann eg sann glede i å nytta det.

Om sidemål bør vera eit eige fag i skulen, skal eg ikkje blanda meg opp i. Men her er i alle fall ei vedkjenning frå ein konvertitt til nynorsken: Det vart fyrst morosamt å halda på med nynorsk når eg skjøna at det kunne vera eit heilt eige språk. Fyrst då vart eg byrg over å meistra det.

I den siste setninga over kunne eg ha skrive både «stolt» og «beherska», men som byrg nynorskbrukar veit eg at det er best å halda seg unna dei tyske lånorda på nynorsk.

Fra forsiden