Spaltist

Skuggar frå Christchurch

Bilde: Elvert Barnes / Flickr [CC BY 2.0]

Inspirasjonen til åtaket på ein moské i Bærum ser ut til å koma frå mørke krokar på nettet. Men den verda er ikkje ei anna enn vår eiga.

I mi førre spalte her i Minerva skreiv eg om terrorstatistikk. Eg peikte på at det er den ekstreme islamismen som dei siste åra har vore farlegast i Europa, men at trenden har vore annleis i USA.

Eg stilte også spørsmål om ikkje høgreekstremismen i dei komande åra kan verta ei veksande fare, med utgangspunkt i to utviklingstrekk som vart omtalt i Europol sin seinaste rapport om terrorisme i Europa, og med referanse til drapet på den tyske kristendemokraten Walter Lübcke og til terroråtaket i nyzealandske Christchurch 15. mars. Dei var båe, skreiv eg, «ei påminning om at høgreekstremismen utgjer eit vedvarande terrortrugsmål».

Åtaket i Bærum, i ein større kontekst

I denne spalta hadde eg tenkt å skriva om noko heilt anna. Slik skulle det ikkje gå: For nokre dagar sidan vart ein 21 år gamal mann overmanna etter å ha skote seg veg inn i ein moské i Bærum. I etterkant har han vorte sikta for både terror og for drap eit familiemedlem, og media har etterkvart identifisert han. VG har skrive at ein av politi sine teoriar er at mannen ville kopiera nettopp terroråtaket mot moskéar i Christchurch.

Mykje er framleis uklårt i denne saka, og ho kjem nok til å få mykje merksemd i media etter kvart som etterforskinga skrid fram.

Ut frå det me veit i dag er verken terrorsiktinga eller polititeorien vidare underleg. Tidlegare medelevar har til ulike media fortalt at den terrorsikta både snakka om at me måtte førebu oss på rasekrig og at han uttrykte at Christchurch-åtaket vart riktig. Ei melding publisert på nettstaden endchan – eit såkalla chan-forum – har vorte knytt til gjerningsmannen. Der heiter det at «rasekrigtråden» må løftast opp (bump) i det verkelege liv, gjerningsmannen i Christchurch – Brenton Tarrant – vert omtalt som «sankt Tarrant», og det ligg ved eit bilete som også refererer til to andre høgreekstreme terroråtak.

Eit bilete publisert på eit anna og langt meir populært chanforum, 4chan, har også vorte knytt til gjerningsmannen, sjølv om det ikkje er endeleg avklart. Der er det fleire peikepinnar som går i retning variantar av nynazistisk tankegods.  Åtaket i Bærum går slik inn i ei rekkje åtak prega av ein slags hypermoderne nynazisme; prega ikkje berre av nynazistisk ideologi, men også av ein vill vest-aktig internettkultur på dei såkalla chan-foruma, forum der det meste er lov, og mykje er alt anna enn sunt.

Hatets statistikk

«Overraskende mange»

Aftenposten har gjeve eit innblikk i innhaldet på ein tråd på eit av foruma der den terrorsikta bærumsmannen deltok. Der vert åtaket fyrst hylla av ein amerikansk brukar som uttrykker håp om «eit solid drapstal». Etterkvart deltek også fleire som oppgjev å vera nordmenn. Aftenposten oppsummerer: «De har fått med seg hendelsen og uttrykker skuffelse over at ingen i moskéen ble drept, samtidig som en angivelig nordmann skryter over at Breivik ’har rekorden’ med 77 drepte».

I eit intervju med Filter Nyheter uttrykker Arne Christian Haugstøyl i PST at det er «overraskende mange i Norge som sympatiserer og uttrykker støtte for den typen handlinger». Han skildrar åtaket i Christchurch som ein ’gamechanger’ i høgreekstreme, internettbaserte nettverk: «Det er særlig de skriftlige manifestene og videoer fra selve angrepet som fører til det PST kaller en felles propagandaplattform for høyreekstremister».

Eg veit ikkje heilt kor overraska eg er. Etter åtaket i Christchurch dukka det opp kommentarar som gjekk langt i si «forståing» også i det førehandsmodererte kommentarfeltet til Resett. Chanforuma den terrorsikta frå Bærum frekventerte er verken førehandsmodererte eller prega av særleg moderasjon i det heile: dei er sydande gryter av grenseoverskridande innhald, der uttalt ekstremisme og terrorhyllestar også har funne ein heim.

For eit par dagar sidan skreiv eg ein kommentar til NRK Ytring om høgreekstrem subkultur innanfor chan-subkulturen. NRK er ikkje akkurat kjend for å vera vidare grenseoverskridande, men kommentarfeltet inneheldt ein del føreseieleg også der: Det er til dømes fleire som – kort tid etter at Noreg ser ut til å ha opplevd endå eit høgreekstremt åtak, retta mot ein moské – er mest opptekne av ekstremislamistisk terror, og av å fremma relativt platt og einspora islamkritikk. Det tyder, om ikkje anna, på ei viss grad av monomani.

Det fekk meg til å tenkja på den tidlegare danske ministeren Søren Pind, representant for det danske Venstre, som i april i år gav eit intervju til Berlingske Tidende. I det intervjuet uttrykte han at «borgerlighedene er i krise», råka av «islamitis», av å ha fått islam på hjerna. Han snakka om «en enorm forfaldsfortælling, en dystopi, […] en ukonstruktivitet, hvor fanatikerne reagerer, og hvor Rasmus Paludans nazistisk inspirerede parti nu kræver endnu mere. Det er fuldstændig forfærdeligt».

Det er ikkje ein uforståeleg reaksjon. Ved årets val fekk Danmark eit nytt politisk parti, Paludans «Stram Kurs». Dei gjekk inn for etnisk reinsing, eller – for å nytta deira eigne ord – for å «udvise enhver ikke-vestlig person, der ikke er dansk statsborger», styrka ved at «fremmede, der er meddelt dansk statsborgerskab ved lov, skal have statsborgerskabet revurderet og som udgangspunkt have det annuleret». Lukkelegvis kom dei ikkje inn i Folketinget. Dei fekk «berre» 1,8 prosent av røystene.

Muslimhat i to variantar

Det er sjølvsagt eit langt stykke veg mellom dansk offentlegheit og hatefulle høgreekstremistar på chanforum. Stadene der den terrorsikta i Bærum ser ut til å ha funne sin inspirasjon er subkulturar innanfor ein subkultur, og lite eigna til å stilla ei diagnose på samfunnet rundt oss.

Som Kristian A. Bjørkelo skriv i ein tekst i Fri Tanke er det blant høgreekstremistar på chanforum at den sikta mannen ser ut til å ha funne sin inspirasjon, og det er då «den store sydande gryta av rasisme, hat, negativitet og dødslengt» ein lyt sjå til i samband med åtaket på al-Noor-moskéen i Bærum. Å gå inn i desse subkulturane er omlag som å reisa inn i Upside-Down i Stranger Things. Det liknar på vår verd, men det er mørkt der, og det er ufyseleg.

Men lat meg likevel leggja til: Den verda heng saman med vår eiga. Ho er ikkje ein annan stad. Ikkje langt vekk. Muslimhatet og rasismen i Oppsida-Ned er meir ekstrem og meir ufyseleg, og har i aukande grad vorte ein del av terrortrugsmålet, også her i Europa. Men det finst også eit breiare, meir folkeleg muslimhat, eit som ikkje luktar av kuler og krutt, som ikkje skyt seg veg inn i moskéar, men som er farleg på andre måtar.

Gjev ein det mindre oksygen, vil det også gje mindre oksygen til galskapen utanfor.

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden