Forsiden

Smalt dansegolv

Den breie venstresida er født midt på 1980-talet, hugsar «Lille Lørdag» godt, har studert litteraturvitskap og jobba tidlegare i Klassekampen. Eller kanskje ikkje.

Den breie venstresida er født midt på 1980-talet, hugsar «Lille Lørdag» godt, har studert litteraturvitskap og jobba tidlegare i Klassekampen. Eller kanskje ikkje.

Ein kan mistenkja at gjengen bak Manifest Tidsskrift har lært noko frå markedskonsulentar. Sist i januar vart nettidsskriftet relansert. Omsett til meir folkeleg språk tyder det at ein tek eit gamalt produkt, pakkar det inn på nytt, og deretter lest som om det ein kjem med er nytt og spanande.

Den eigentlege venstresida i norsk politikk har trøbbel for tida. Raudt står omlag bom i ro, trass si eiga relansering for nokre år sidan. SV slit i motvind. Ei regjering med Framstegspartiet og Høgre styrer landet. Ein del Frp-politikarar framstår kanskje som heller passiviserte i møte med regjeringsmakta, og det finst allereie murring blant Frp-veljarane, men Høgre går stadig framåt på meiningsmålingar.

Norsk venstreside kunne trengja nokon som dama til Halvdan, ei som visste at vinden ville snu

«Da har æ ei som vet at folk vil våkn’ opp, og at vinden ifra høyre snart vil snu», sang Halvdan Sivertsen om ei anna høgrebølgje. Norsk venstreside kunne trengja nokon som dama til Halvdan, ei som visste at vinden ville snu, og som leverte både framtidsvisjonar og nye tankar, eit slags raudt Minerva. Men kan Manifest Tidsskrift klara det?

Plapreklassen på raudvinskalas
Plapreklassen er iallfall godt representert, slik han også er i Minerva. Redaksjonsrådet omfattar blant andre Harald Eia, moromannen. Det omfattar også tre andre sosiologar, og dei to forfattarane Agnes Ravatn og Geir Gulliksen. Redaksjonen består på si side av ti personar. Alle ti er fødd mellom 1983 og 1988. To er litteraturvitarar, to er statsvitarar, ei er medievitar, ei studerer sosiologi, ei er utdanna filosof. Fem har arbeidd eller arbeider for Klassekampen.

Av ein eller annan grunn reknar eg ikkje fåra for at Manifest Tidsskrift legg seg på ein venstrepopulistisk profil som særleg stor.

Så langt har eg hatt rett. Etter relanseringa har Manifest Tidsskrift publisert ein serie intervju med kunnskapsministrar frå Kristin Clemet til Torbjørn Røe Isaksen. Dei er både gode og interessante, men neppe tema rundt mange lunsjbord. Dei har også publisert eit essay om Bertolt Brecht, skrive av Vigdis Hjorth. Det er eit essay i fem delar. Den merkelege lyden du høyrer er ikkje den ville jubelen frå norsk arbeidarklasse. Lyden kjem antakeleg frå ein gjeng med litteraturvitarar på raudvinskalas.

Elles har det «nye» nettidsskriftet blant anna publisert Raudt-politikar Iver Aastebøl sitt forsøk på fargelære («Hver gang du kaller regjeringen blåblå, hjelper du Erna Solberg med å beholde jobben. Norge har ikke fått en blåblå, men en mørkeblå regjering»), ein tekst frå Grøn Ungdom som forsvarer MDG sin talspersonmodell, ei melding av Wolf of Wall Street, og ein tekst om danske SF sine problem, skrive av Christoph Houman Ellersgaard. Han studerer sosiologi. Dessutan har Eivind Trædal skrive om «den nye politiske korrektheten». Den teksten er verdt å lesa.

Men Manifest har større visjonar. Hei, det er nesten poetisk!

Eg er sjølvsagt ein del av plapreklassen, eg også. Eg ville truleg jamvel synast det var hyggeleg på raudvinskalas med litteraturvitarar og sosiologar (så lenge dei ikkje byrja å snakka om den fullstendig ubegripelege Bruno Latour). Men Manifest har større visjonar, dei vil «bygge et dansegulv der den breie venstresida kan la sine tanker danse fritt». Hei, det er nesten poetisk!

Sant og seia er det likevel vanskeleg å få auge på den breie venstresida i Manifest sin redaksjon. Tidskriftet sitt namn er heller ikkje særleg breitt. Det er arva frå tenketanken Manifest, som igjen arva namnet frå eit samarbeid mellom Sosialistisk Ungdom, Raud Ungdom og Raud Front. Dansegolvet dei drøymer om høyrest ut som ein interessant stad. Men skal dei få det til, bør dei kanskje satsa på meir variert musikk. 

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden