SPALTIST

Tid for skattelette

«Alt» blir dyrare framover. Det politiske svaret bør vere å la folk behalde meir av si eiga lønsinntekt.

Publisert

Då straumprisane gjekk gjennom taket i haust, kom det rettmessige krav om at staten måtte gje hushaldningane ei hjelpande hand. Når ein faktura går frå 2000 kroner i månaden til 10 000 kroner i månaden, slår det hardt inn i heilt normale familieøkonomiar. Når desse pengane i tillegg i stor grad går rett inn i offentlege kasser gjennom moms, skatt og utbyte frå kraftselskapa, var det både økonomisk handlingsrom og eit moralsk ansvar for det offentlege å avhjelpe situasjonen.

Sidan nettselskapa har full oversikt over kven som er kraftkundar, kva dei betalar og kva som er kraftprisen, var det mogleg å lage ei målretta ordning for å treffe alle som treng det. Der ordninga ikkje treff, har det vore eit medvite politisk val (til dømes fritidsbustadar). Sjølv om ein kan kritisere regjeringa for å kome seint på bana, og for enkelte uheldige sider ved ordninga, er den trass alt rimeleg fornuftig. Når staten tar 80 prosent av kostnaden over 70 ør/kWh, er dette eit monaleg bidrag til å senke kostnadane – utan å heilt øydelegge samspelet mellom tilbod og etterspurnad som gjer at prissignalet framleis får fungere som rasjoneringsmekanisme.

Alt blir dyrare

For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

Minervas digitale årsabonnement til kr 799,-

Bestill her

Minervas digitale månedsabonnement til kr 99,- pr mnd,
første to uker kr 1,-

Bestill her

Minervas digitale årsabonnement + tidsskrift til kr 1249,-

Bestill her

Powered by Labrador CMS