Debatt

Sveinung Rotevatn om SSB: Slik kan vi faktisk ikkje halde på

Plutseleg sa Holmøy at nei, han ville blitt flytta uansett, skriv Rotevatn.

Bilde: Tore Sætre / Wikimedia Commons [CC BY-SA 4.0]

Opptredenen til mannen som starta det heile, Erling Holmøy, på Dagsnytt Atten i går kveld var oppsiktsvekkande.

Det er mykje å seie om utviklinga i SSB-saka. Det mest fascinerande var kanskje det totale kaoset som oppstod då presse-Noreg oppdaga at ein statstenestemann utnemnt av Kongen i statsråd ikkje nødvendigvis må seie opp jobben sin fordi ein statsråd ikkje har «tillit» til vedkomande. Særleg ikkje når vedkomande er leiar for eit uavhengig byrå.

Men kanskje endå meir oppsiktsvekkande var opptredenen til mannen som starta det heile, Erling Holmøy, på Dagsnytt Atten i går kveld.

Det er mange kokkar, tunge interesser og mykje søl i denne saka. Det går til dømes føre seg ein viktig og interessant diskusjon om makroøkonomiske modellar. Men det er ingen tvil om at saka først tok ordentleg av då Holmøy skulda SSB-leiinga for å flytte han ut frå politiske omsyn.

Frå Nettavisen sitt intervju med Holmøy for to veker sidan:

«– Har din forskning som også viser negative sider ved innvandringen rent økonomisk, noe å si for at du har mistet forskerjobben?

– Det er på det rene at deler av ledelsen er skeptiske og kritiske til mine analyser, forklarer han.

– Det inkluderer SSB-sjef Christine Meyer.»

Ei rimeleg heftig antyding og anklage der, altså. Som gjorde at saka eksploderte, og media sette i gong eit køyr utan sidestykke.

Les også Vegard Rødseth Tokheim om SSB: Jerntrianglets selvmord.

På Dagsnytt Atten sa plutseleg Holmøy at nei, han ville blitt flytta uansett. Det hadde ingenting med innvandring å gjere. Han vart flytta fordi han ikkje møtte dei formelle forskingskrava til å vere med vidare i den nye avdelinga. Slik SSB har sagt heile tida.

Bli abonnent på Minerva, høyresidens nettavis: Kun 1,- første måneden!

Då har vi altså følgjande saksgang:

1) Holmøy seier han er flytta pga innvandring
2) Ingen andre kjelder stadfestar anklagen
3) Frp og Sp på Stortinget tar fullstendig av
4) Framleis inga stadfesting
5) Finansministeren ber Meyer gå av
6) Holmøy seier han berre tulla

Slik kan vi faktisk ikkje halde på.

Rotevatn har også tidligere skrevet om SSB-saken på Minerva: Ein konspirasjonsteori blir fødd.

Teksten er først publisert på Rotevatns Facebook-profil, og gjengis med tillatelse fra forfatteren.

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden