Spaltist

Ulike ekstremistar, ulike standardar

I både Noreg og Sverige har venstreekstreme rørsler lukkast i å markera seg som anti-rasistiske rørsler, og dei har dukka opp i samband med breiare, antirasistisk arbeid, skriv Øyvind Strømmen.

Bilde: Mattias Hallberg/Flickr, CC BY-SA 2.0

Ser me annleis på venstreekstremismen?

I går publiserte svenske Säkerhetspolisen ein artikkel der analytikaren Ahn-Za Hagström svarer på spørsmål om tre ulike ekstreme miljø i landet.

Gjennomgangen inneheldt lite som er overraskande, og lite som er nytt. Det svenske tryggleikspolitiet peiker på ekstreme islamistar (eller «den våldsbejakande islamistiska miljön») som det største trugsmålet, medan både det svenske «kvit makt»-miljøet (les: høgreekstreme) og det såkalla autonome miljøet (les: venstreekstreme) vert sagt fyrst og fremst å vera eit trugsmål mot «enskilda individer eftersom de vid sidan av opinionsbildande yttringar regelbundet och systematisk använder våld, hot och trakasserier».

Meir interessant var reaksjonen frå den svenske journalisten Magnus Sandelin, som på Facebook kommenterte at han er blitt møtt med ulike reaksjonar alt etter kva av desse tre miljøa han har skrive om. Når han har skrive om kvit makt-miljøet har reaksjonane vore positive. Det same har dei i hovudsak vore når han har skrive om det svenske jihadistsmiljøet, og då særleg dei siste åra. Når han har skrive om det autonome miljøet, har han sjølvsagt også fått positive reaksjonar, men samstundes «ständigt och ihärdigt ifrågasättande, från bl.a. akademiker, journalister och debattörer». Sandelin skriv at han trur andre journalistar har nokre av dei same erfaringane.

Eigentleg er det likevel lite som er så politisk korrekt her til lands som det å setja eit kritisk søkjelys på ekstrem islamisme.

Det heile fekk meg til å tenkja på eigne erfaringar. Heilt like er dei ikkje, men nokre fellestrekk finst, fellestrekk eg finn det verdt å dvela ved.

Stort sett skryt

Sjølv har eg arbeidd mest med høgreekstremisme. Det er eit arbeid eg i stor grad har opplevd at har vorte positivt møtt. Samstundes er det ikkje uvanleg at eg får spørsmål om kvifor eg ikkje heller skriv om ekstrem islamisme eller om kvifor eg bruker energien min på å skriva om eit fenomen som er såpass marginalt. Spørsmålet er ikkje vanskeleg å svara på.

For det fyrste synest eg politisk ekstremisme er eit interessant fenomen, nær sagt uavhengig av kva form ho kjem i. For det andre meiner eg at kvit makt-miljø i Noreg – trass i at det er eit marginalt fenomen – utgjer eit trugsmål. Når folk sluttar seg til valdsideologi, bør ein ikkje vera overraska over at det resulterer i vald. For det tredje meiner eg at ein del høgreekstremt tankegods er meir utbreidd enn me likar å snakka om, og at det er verdt å sjå på fenomen som opnar dører for at slike idear kan spreia seg innover i politikken: anten det er ein breiare, meir folkeleg rasisme, politiske tillitskriser eller ei tilhardning av den politiske debatten.

Men eg har eitt anna svar utover dette: Eg skriv om ekstrem islamisme også. Det er ingen motsetnad. Faktisk er det ganske naturleg å sjå på ulike former for ekstremisme i samanhang, og å sjå på både likskaper og ulikskaper mellom dei.

Når eg skriv om den ekstreme islamismen, er det relativt sjeldan eg får kjeft. Sjølvsagt dukkar det opp dei som meiner at eg heller burde gå laus på islam som religion. Sjølvsagt dukkar det også opp dei som meiner at eg går laus på islam som religion, berre ved å omtala den ekstreme islamismen som nettopp islamisme. Eigentleg er det likevel lite som er så politisk korrekt her til lands som det å setja eit kritisk søkjelys på ekstrem islamisme. Slik er det på tvers av den politiske fargeskalaen.

Ein annan standard?

Det er ikkje så ofte eg har skrive om venstreekstremisme, mykje fordi den verkeleg valdelege venstreekstremismen i sanning har vore eit marginalt fenomen i Noreg dei siste åra. I motsetnad til andre europeiske land har Noreg heller ikkje noko eigentleg venstreekstrem terrorhistorie (til trass for ei brannbombe i 1967, og seinare til trass for japanske ekstremistar sine konkrete terrorplanar i Oslo).

Den smartaste kritikken er likevel den som skuldar meg for å teikna opp eit  bilete av moralsk likskap mellom folk som forfeikter rasehat og folk som kjemper mot sjølvsame rasehat.

Når eg har teke for meg venstreekstremisme, har eg likevel opplevd litt av det same som Sandelin. Ein del som elles kanskje ikkje er så opptekne av å understreka at omfanget av ekstremisme i Noreg er sterkt avgrensa, er svært opptekne av å påpeika at norske venstreekstreme miljø er ørsmå. Det er i seg sjølv heilt riktig, sjølvsagt. Andre ser ut til å vilja bortforklara døme på venstreekstrem vald, å ufarlegggjera dei, eller å framstilla dei som nærast lausrivne frå ein ideologisk samanhang.

Når eg har uttrykt uro for at konfrontasjonssøkjande venstreekstreme i møtet med høgreekstreme kan føra til at ein situasjon eskalerer og til at ein får eit blodbad, har eg opplevd både å verta skulda for å vera skapnazist (ei skulding eg lo godt og lenge av) og for å vera ein liberal akademikar utan innsikt i røyndomen (meir ukomfortabelt, sjølvsagt, sidan eg både liker å sjå på meg sjølv som liberal, og sidan eg har ei lita røys med studiepoeng). Den smartaste kritikken er likevel den som skuldar meg for å teikna opp eit  bilete av moralsk likskap mellom folk som forfeikter rasehat og folk som kjemper mot sjølvsame rasehat.

Eg har forsåvidt ikkje vanskeleg for å forstå kvifor det kjem slik kritikk: I både Noreg og Sverige har venstreekstreme rørsler lukkast i å markera seg som anti-rasistiske rørsler, og dei har dukka opp i samband med breiare, antirasistisk arbeid. Til dels har dei også lukkast i å kuppa slikt arbeid, som når SOS Rasisme langt på veg vart overteke av den kommunistiske sekta Tjen Folket.

Når media peiker på risikoen for venstreekstremt bråk knytt til mobilisering mot høgreekstremisme, kan det difor lett framstå som eit åtak på den anti-rasistiske mobiliseringa. Slik er det sjølv om uroa ikkje knyter seg til blide, antirasistiske bestemødre, og heller ikkje til klovnar som gjer narr av nazistar, men faktisk til folk som uttrykker ei brennande tru på revolusjon og som forkastar «reformisme og parlamentarisme». Mot folk som slenger skjellsord mot politiet, og dessutan kan mistenkjast for helst også å villa slengja stein.

I blant får eg ei kjensle av at det vert operert med doble standardar. At venstreekstremismen vert gjort til noko mindre farleg. Gjerne som på villspor. Kanskje som toskete. Eller som dum. Men likevel som – grunnleggjande sett – meir uskuldig enn høgreekstremismen. Eg forstår det biletet, eg med, eg kan jamvel dela det. Men eg trur det fungerer dårlegare i land der venstreekstremismen har ei historie som er meir prega av blodig terror enn av raudvin på hybelen.

Sånn sett skal me vel helst vera glade for det. Men det gjer ikkje venstreekstremismen mindre interessant. Snarare tvert om.

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden