Politikk

Ukraina og ultranasjonalismen

Den radikale venstresida etterlyser fokus på ukrainske høgrenasjonalistar. Analysene dei sjølv forfeikter står i vegen for det same.

Den radikale venstresida etterlyser fokus på ukrainske høgrenasjonalistar. Analysene dei sjølv forfeikter står i vegen for det same.

På Radikal Portal kunne ein for eit par veker sidan lesa at «vestlig imperialisme baner vei for ukrainske fascister». Skribenten, tidlegare Klassekampen-journalist Joakim Møllersen, fokuserer på vestleg imperialisme, brukar John McCain og Catherine Ashton sine besøk i landet som bevis, og skriv at dørene no vert opna for selskap frå Vesten «til å ta del i ranet av det ukrainske folk, en plyndring som hittil har vært forbeholdt landets oligarker». Ukrainarane sjølv er det likevel litt vanskeleg å få auge på i Møllersen sin tekst, berre innleiingsvis snakkar han om demonstrantane som fylde gatene i Kiev i misnøye «mot den korrupte Janukovitsj og hans vanstyre».

Omveltninga i landet skildrar han som eit kupp, og Noreg si rolle som ei skam: «Norge har tatt parti med et styre av nyliberal økonomisk politikk, med innslag av fascisme, fordi det klargjør veien for et vestlig imperialistisk inntog i Ukraina».

Ja, eg ser det verkeleg for meg: utanriksminister Børge Brende sit på kontoret sitt og snakkar med ein eller annan slesk kapitalist

Ja, eg ser det verkeleg for meg: utanriksminister Børge Brende sit på kontoret sitt og snakkar med ein eller annan slesk kapitalist, antakeleg ein fyr med høg flosshatt. Dei ler rått. Dei røyker sigar og drikk whisky. «Hoho», seier Brende, «No kan me endeleg få gjennomført vårt imperialistiske felttog». «Hehe», seier den sleske kapitalisten, «Skål for fascismen, Børge». På veggen bak dei heng leiarartikkelen frå Norges Handels og Sjøfartstidende den 27. september 1933 i gullramme: «Litt fascisme, hr. Statsminister!». Nokon har kryssa ut «hr.» og erstatta det med «fru».

Små sjakkbrikker
I Manifest tidsskrift skriv Marielle Leraand – ho er nestleiar i partiet Raudt – at «Vesten og Norge står i fare for å skape et Frankensteins monster i Ukraina». Også ho siktar til innslaget av både det djupt høgreradikale partiet Svoboda og det ikkje mindre ytterleggående Pravyi Sektor både i opprøret mot Janukovitsj og i Ukraina si nye regjering. Ho kritiserer Brende si opne haldning ovanfor den nye, ukrainske regjeringa, og skriv:

Brende lover nemlig økonomisk støtte fra Norge, «Forutsatt at det gjennomføres økonomiske reformer og tas et oppgjør med korrupsjonskulturen – oligarkene som har styrt for mye, og at man innfører lover som beskytter minoriteter og gir rettigheter til den russiske minoriteten i øst.» Hvordan kan det ha seg at Brendes eneste bekymring knyttet til å støtte Ukrainas nye regjering ser ut til å handle om korrupsjon?

Det er sjølvsagt slåande at Leraand ikkje får meg seg det ho sjølv siterer Brende på, men meir interessant er det kan henda at ukrainarane vert ganske fråverande også i Leraand sin tekst. Ho understrekar rett nok at det var legitimt å protestera mot Janukovitsj sitt regime, som ho omtalar som korrupt, men fokus ligg på EU, på IMF og sjølvsagt på norske media som «[har] foret oss med perspektivet ‘demokratiopprør’ i Ukraina i sin dekning».

Veteranen Pål Steigan går mykje lenger. Han syner til Naomi Klein og meiner at «USA og den globaliserte kapitalismen gang på gang enten har utløst katastrofer eller har benyttet seg av katastrofer til å sette et land i sjokktilstand. […] Nå er det Ukrainas tur». No skal fase to koma, eit «brutalt angrep på arbeiderklassen [fra] kuppregjeringa». Steigan slenger på ein referanse til Tyskland:

Som Europas sterkeste industrinasjon og verdens nest største eksportnasjon ønsker Tyskland Lebensraum i Ukraina for sin eksport. Tyskland ønsker også en rikelig del av landets ressurser og dets arbeidskraft som nå kommer til å bli billigere enn arbeidskrafta i Kina. Derfor denne assosiasjonsavtalen med EU som i praksis legger Ukraina fullstendig åpent for utenlandsk kapital.

Det heile er symptomatisk. I den radikale venstresida sine analyser av hendingar i andre land vert det store sjakkbrettet fort henta fram.

Det heile er symptomatisk. I den radikale venstresida sine analyser av hendingar i andre land – særleg hendingar av det dramatiske slaget – vert det store sjakkbrettet fort henta fram. Mykje vert redusert til stormaktsinteresser, «imperialisme» er ein viktig del av ei kvar analyse, og dei det faktisk gjeld vert gjerne redusert til små sjakkbrikker. Det synest også openbert at det er vestlege land som speler med svarte brikker. Alltid. Det ser også ut til å vera førehandsavklart at det USA og EU måtte føreta seg er feil, og iallfall ikkje er motivert av ei tru på demokratisk utvikling.

Problemet: Overdrivingar, anti-europeisme og anti-amerikanisme fortel lite om Ukraina; ei analyse av Svoboda som ser ut til å kvila på ei forvirra marxistisk forståing av fascisme, fortel særs lite om den faktiske ukrainske ultranasjonalismen.

«En kinesisk løsning»
Likevel er det historikaren Bjørn Nistad som tek kaka. Han omtaler omveltninga i Ukraina som et «fascistisk, væpnet kupp». I eit innlegg på Dagsavisens Nye Meninger-forum skriv han at han beklager at «Janukovitsj ikke hadde mot og styrke nok til å sørge for en ‘kinesisk’ løsning på krisen i Ukraina. Noen hundre drepte fascister og høyreekstremister hadde vært en liten pris å betale for at erklærte fascister ikke skulle kuppe til seg makten i en av Europas mest folkerike stater».

Det er ein djup ironi her: Spor av ei «kinesisk løysing» var nemleg å finna i Janukovitsj-regimet sin respons på folkeopprøret. Det vart teke i bruk rå makt. Mange var drept. Nokre av dei hadde tilknytning til Svoboda, eller til andre grupper ytterst på den ukrainske høgrekanten. Andre var fagforeningsfolk eller  studentar. På lista over dei drepte, dei såkalla «himmelske hundre» – Nebesna Sotnya – finn ein også jødane Joseph Schilling og Alexander Scherbanyuk, samt ein journalist frå den russiskspråklege, israelske avisa Vesti, Vermei Viacheslav. Sistnemnde vart drept av ukjende gjerningsmenn på veg heim frå jobb.

Denne valden, sporet av ei kinesisk løysing, var ein medverkande årsak då også Janukovitsj sitt eige parti, Regionpartiet, vende seg bort frå presidenten.

Det ubehagelege
Men er det ikkje rett som Leraand seier, at Vesten kan koma til å skapa eit Frankenstein-monster? Er det ikkje riktig at det er ytterst ubehagelege krefter i den nye, ukrainske regjeringa?

Er det ikkje riktig at det er ytterst ubehagelege krefter i den nye, ukrainske regjeringa?

Det siste er rett. Blant regjeringsmedlemene finn ein fleire politikarar frå partiet Svoboda. Dei er rett nok kanskje av dei meir moderate folka i partiet, men dei kjem frå eit rett ubehageleg parti, eit parti med røter i ganske openberr fascisme, eit parti som reknar seg å tilhøyra tradisjonen etter den ukrainske fascistleiaren Stepan Bandera og hans OUN(B). Dette er ei kime av sanning i den russiske propagandaen. Svoboda – og dei meir hardbarka Pravyi Sektor – si rolle i det ukrainske folkeopprøret har også ført til rein krangel mellom forskarar på høgreekstremisme og høgreradikalisme.

Andreas Umland, Anton Shektovtsov, Timothy Snyder og ei rekkje andre forskarar kom alt før omveltninga med ei felles fråsegn der dei skreiv at den ekstreme høgresida fekk altfor mykje merksemd samanlikna med «den forvirrande mosaikken» protestdeltakar med ulik motivasjon, bakgrunn og mål utgjorde. Etter Janukovitsj’ fall skreiv den nederlandske statsvitaren Cas Mudde lett sarkastisk at nokre av dei same akademikarane som tidlegare har åtvara mot høgreekstremismen sin vekst i Ukraina no kritiserte andre for å overdriva kor viktig den ytterleggåande, nasjonalistiske høgresida er. Han fekk raskt svar frå Shekhovtsov, som framheva at Svoboda står svakare i dag og som også meinte at dei vel kunne vera meir ytterleggåande franske Front National, men at dei var mindre ytterleggåande enn ungarske Jobbik, greske Gylden Daggry og britiske BNP. Nokre vil nok vera freista til å innvenda at ingen av dei nemnde sit i regjering.

Den svenske historikaren Per Rudling har meint at nokre analytikarar beint fram vel å oversjå Svoboda. Han har eit poeng. Det er freistande å tona ned baksida ved den ukrainske omveltninga. Det er lett å sjå mest til dei meir sympatiske, som når Civitas Bård Larsen framhever «studenter og unge håpefulle som ønsker en pluralistisk og demokratisk samfunnsorden». I møtet med ein russisk stormaktspolitikk som leier tankene til kaldare tider, er det endå meir forståeleg, om enn noko påfallande i blant. Det vart det då Timothy Snyder nytta ein kviterussar blant dei himmelske hundre til å illustrera mangfaldet blant demonstrantane, men ikkje nemnde at denne kviterussaren var medlem av ein ytterleggåande nasjonalistisk organisasjon med ei eiga paramilitær avdeling.

Kven forar monster?
Kor stor oppslutninga om ytre høgre eigentleg er i Ukraina kan diskuterast. I det komande presidentvalet tyder meiningsmålingar på at Vitaly Klitshko ligg godt ann. Den tidlegare tungvektsboksaren er leiar i det pro-europeiske, sentrum-høgrepartiet UDAR (det tyder «slag»), eit parti som ikkje er å finna i interimregjeringa. Dei to kandidatane frå ytterste høgrekant får til saman mindre enn fem prosent.

Ei delforklaring er at Janukovitsj-regjeringa sjølv fora Leraand sitt Frankenstein-monster

Men i førre parlamentsval, i 2012, fekk Svoboda over til prosent av stemmene, og i deler av Vest-Ukraina var oppslutninga langt høgare. Ei delforklaring er at Janukovitsj-regjeringa sjølv fora Leraand sitt Frankenstein-monster, gjennom å leggja til rette for Svoboda sin vekst, samstundes som sentrum-høgrekrefter vart hundsa med og trakassert. Ei anna er Ukraina stadig treng eit oppgjer med arva frå dei mørke delane av ukrainsk nasjonalisme. I tida etter Sovjets fall – ikkje minst under Janukovitsj sin forgjengar Viktor Jusjenko – har dei fått ein heil del av det motsette.

Vesten har ikkje skapt den ukrainske ultranasjonalismen, og det at vestlege land stør opp under ei interimregjering bidreg neppe særleg til han, sjølv om det er lett å reagera når John McCain godprater med Svoboda-leiar Oleh Tyahnobok. Det som derimot lett kan bidra til å styrka ultranasjonalismen er den aggressive russiske stormaktspolitikken.

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden