Spaltist

Utanfor

Blant dei europeiske rekruttane til IS finn ein ikkje berre unge menn – og eit forbausande høgt tal kvinner – som har vakse opp i utanforskap er til å ta og føla på: Ein finn også menneske som har vakse opp i solid middelklasse, skriv Øyvind Strømmen.

Photo: Pixabay

Ein ny rapport stadfester at utanforskap er ein del av biletet når ein skal snakka om ekstremisme. Sjølvsagt.

Onsdag i denne veka vart ein ny rapport om svenske framandkrigarar gjeve ut ved Försvarshögskolan. Rapporten er skriven av Linus Gustafsson og Magnus Ranstorp og byggjer på svensk tryggleiksteneste sin informasjon om 267 personar som har drege til Syria og Irak. Samstundes stadfester rapporten det me visste frå før.

Det kan vera verdt å oppsummera noko av det same som rapporten oppsummerer: I 2013 såg journalisten Per Gudmundsson nærare på 18 av svenskane som hadde drege til Syria for å delta i jihadistiske grupper. Han konkluderte med at den typiske svenske framandkrigaren var ein ung mann med innvandrarbakgrunn, at fleirtalet av dei kom frå ein bakgrunn prega av relativ fattigdom, og at mange av dei hadde eit rulleblad.

Ein annan svensk journalist, Magnus Sandelin, påpeiker det mykje det same i boka Svenska IS-krigare, gjeve ut i fjor, med utgangspunkt i 70 framandkrigarar. Ganske tilsvarande mønster er å finna i ei rekkje europeiske land. Som dei to forskarane skriv, er det «klårt at sosioøkonomiske faktorar ser ut til å spela ei viktig rolle». I Sverige gjer dette seg blant anna utslag i at over sytti prosent av framandkrigarane har vore busett i såkalla «utsette område», altså ei rekkje bydelar som slit med både kriminalitet, arbeidsløyse og med eit brennmerke i panna (eit av brennmerka: «no-go-sone»).

Det er neppe tilfeldig.

Fleirtalet av dei kom frå ein bakgrunn prega av relativ fattigdom, og mange av dei hadde eit rulleblad.

Likevel finst det sjølvsagt dei som har ei viss motvilje mot å akseptera sosioøkonomiske forklaringar. Når ein har brukt ein del tid på å studera bakgrunnen til europeiske jihadistar, kan denne avvisinga i blant vera noko frustrerande. Datagrunnlaget er nemleg tindrande klårt. Uforståeleg er motvilja likevel ikkje.

For det fyrste: Å fokusera på sosioøkonomiske tilhøve kan framstå som reine unnskyldningar, unnskyldningar for menneske som har gjort seg skuldige i fælslege brotsverk. For det andre: det kan fjerna fokus både frå den hatske politiske ideologien og frå dei konkrete enkeltmenneska og dei konkrete nettverka som sel denne ideologien og som rekrutterer framandkrigarar. Men ikkje minst: Det er enkelt å finna døma som slett ikkje passar inn i forklaringar som berre handlar om sosioøkonomi. Blant dei europeiske rekruttane til IS og liknande grupper finn ein ikkje berre unge menn (og eit nesten forbausande høgt tal kvinner) som har vakse opp stader der utanforskapen er til å ta og føla på, ein finn også menneske som har vakse opp i familiar som ikkje kan reknast som anna enn solid middelklasse.

Tre typar utanforskap

Det ligg fleire moglege lærepengar der. Den fyrste er at utanforskap åleine aldri er nok av ei forklaring. Den andre er at utanforskap ikkje berre handlar om økonomi, men også kan handla om identitet. Ein tredje? Utanforskap kan også vera sjølvpåført, ja, den sjølvpåførte utanforskapen er gjerne ein sentral del av ein radikaliseringprosess.

Ein bør heller ikkje lata som om det å sjå på sosioøkonomiske forklaringar berre er politisk korrekt visvas.

Men samstundes: dersom ein oppdager at visse kjenneteikn ofte går att blant menneske som let seg lokka inn i ekstreme miljø, om det no er høgreekstremisme eller ekstrem islamisme, ja, så bør ein ta det på alvor. Ein bør iallfall ikkje avfeia utanforskap som ei myte. Ein bør heller ikkje lata som om det å sjå på sosioøkonomiske forklaringar berre er politisk korrekt visvas. Ein bør kort fortalt ikkje gjera seg dum.

Sanninga er at utanforskapet si høgst reelle rolle burde gje nye argument til fleire og ulike røyster i både svensk og norsk opinion. Det er til dømes lita tvil om at ein generøs innvandringspolitikk som ikkje vert kombinert med ein effektiv integreringspolitikk medfører ei fåre. Dersom ein får ein framvekst av ein sosial og økonomisk underklasse som er dominert av menneske med utanlandsk bakgrunn, er det ikkje berre ei oppskrift på utanforskap, men også ei oppskrift på trøbbel.

Det bør både innvandringskritikarar og dei av oss som ynskjer ein meir liberal innvandringspolitikk vera opptekne av.

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv i en måned for 1,-
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden