Politikk

Den viktigaste sigeren til distrikts-Venstre

Kulturrådet skal få eit avdelingskontor i Trondheim, men slike små einingar er sårbare, skriv Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Photo: Pixabay

Utflyttinga av arbeidsplassar på den måten Venstre og regjeringa gjer det, flyttar korkje pengar, ressursar eller makt.

Kommunal-og moderniseringsminister Jan Tore Sanner varsla torsdag om at regjeringa skal flytte 630 statlege arbeidsplassar ut av Oslo. 590 av desse var offentleggjort før denne veka: Regjeringspartia og Venstre har talt med vedtak i heile perioden 2013–2017 i lista over utflyttingar.

Dei reelle nyhendene i denne saka er altså at 40 arbeidsplassar blir flytta til høvesvis Moss, Trondheim og Bodø; eit nytt organ for sivil klareringsmynde og to små avdelingar av Kulturrådet. Desse 40 arbeidsplassane raser no Oslo Ap over å miste, medan Venstre jublar over å ha fått flytta dei ut.

Dei tre sentrumspartia har hatt det til felles at dei har tenkt at makta skal kome nedanfrå og vere fordelt på mange folk. Det skal òg gjelde statsmakta. Dette skil seg frå synet Ap og Høgre tradisjonelt sett har hatt på lokalsamfunn. Lokalsamfunna skal tilby dei tenestene staten styrer (seier Ap) og nå dei måla staten set (seier Høgre).

Dårleg samvit

Det er kjent at Venstre kravde ein konkret plan om å flytte ut statlege arbeidsplassar for å støtte endringane i inntektssystemet for kommunane. Statlege arbeidsplassar skulle vere ein del av motvekta for andre sentraliseringsreformar Venstre har vore med på, og dels vore ein pådrivar for, anten det gjeld høgare utdanning, politi- og lensmannskontor, kommunane eller fylka. På mange vis er denne utflyttinga av arbeidsplassar ei nødvendig botsøving for det såkalla distrikts-Venstre med stortingsrepresentant André Skjelstad i spissen.

Men kompromisset om inntektssystemet er ikkje heile bakgrunnen for utflyttinga. Venstre fremma sjølv eit representantforslag på Stortinget om ein heilskapleg plan for lokalisering av statlege arbeidsplassar utanfor Oslo allereie i 2014. Då vart dei lova nye retningsliner og at nye arbeidsplassar og einingar fortrinnsvis skulle verte oppretta utanfor hovudstaden.

Dette representantframlegget er heller ikkje heilt byrjinga. Kanskje finn vi den reelle byrjinga for Venstres ønske om å flytte nokre få arbeidsplassar frå Oslo til byar og bygder der dei vil ha røyster i desember 2013. Då hadde dei nemleg først vore med i eit fleirtal i Finanskomiteen for å ikkje gjere endringar i Direktoratet for økonomistyring. Plutseleg, og utan forvarsel, ombestemmer Venstre seg i debatten i Stortingssalen og flyttar 139 arbeidsplassar frå Vadsø, Tromsø, Hamar, Drammen og Kristiansand til Trondheim, Stavanger og Oslo.

Det skapte eit press i partiet for å sørge for at desse arbeidsplassane vart erstatta. Allereie den same dagen lova Venstre å fremje representantforslag om utflytting av statlege arbeidsplassar, og at dei forventa at regjeringa skulle følgje opp det sidan Venstre hadde støtta denne sentraliseringa.

Sårbare kultureiningar

Argumentet når det gjeld kommunar, høgskular og politi har vore  at ein treng større og meir stabile fagmiljø. Dessverre er det ikkje den såkalla storstilte utflyttinga av arbeidsplassar som fører til at ein kan få store og stabile fagmiljø i andre delar av landet enn Oslo. Ved dei to utflyttingane frå Kulturrådet gjer dei det motsette. Dei flyttar to små einingar, med omlag ti tilsette kvar, til to byar som ikkje har særleg sterke relevante fagmiljø.

Det er ikkje med på å støtte opp om eit allereie leiande miljø som kan bli sterkare, og det er ikkje med på å sikre reell maktspreiing på kulturfeltet.

Også ved dei andre utflyttingane som er planlagt eller planlagt å greie ut er det stort sett slik at ein ikkje flyttar heile institusjonar, men opprettar eit distriktskontor eller to, som i tilfellet Kulturrådet. Distriktskontora blir små og sårbare. Dei er avhengig av å raskt finne kompetente leiarar og andre tilsette, som kan tenke seg å bu og arbeide der sjølv om det er få høve til vidare karriere i det same området.

Plasseringa av dei to kultureiningane er òg noko underleg. Museumsfagmiljøa er mykje sterkare i Tromsø, Bergen, Rogaland, Telemark og på Lillehammer enn i Bodø. Kunnskapen om kultur, kreative næringar og kommersialisering av kunst og opplevingar er òg vesentleg sterkare på Vestlandet enn i Trøndelag. Andre vurderingar enn fag har nok ført til at huseigarar i Bodø og Trondheim kan leige ut 10 kontor til ein relativt stabil leigetakar.

Vidare skal departementa greie ut å flytte ytterlegare 600 arbeidsplassar frå hovudstaden. Dei to største omorganiseringane som skal bli vurdert er ulike sentraladministrative oppgåver i kunnskapssektoren og ein gjennomgang av heile landbruksforvaltninga. Desse endringane vil like gjerne føre til flytting av nokre arbeidsplassar frå Moss til Leikanger eller frå Vadsø til Steinkjer, som frå Oslo til rest-Noreg.

Tapte høve

Det er interessant at ein slår saman kommunar og fylkeskommunar for å få sterke fagmiljø, men splittar opp staten. Misforstå meg rett. Det er ikkje gale å flytte arbeidsplassar ut frå staten. Det er tvert imot ganske smart for å bygge opp gode og sterke fagmiljø som kan fungere som motmakt til hovudstaden eller som supplement til miljø som allereie er sterke i området. Det får ein best ved å flytte heile fagmiljø eller byggje på noko som er sterkt frå før.

Samstundes er det tydeleg at det ikkje er ein austlending som har drive forhandlingar for Venstre. Det ligg eit stort potensiale i å relokalisere arbeidsplassar på Austlandet. Det vil skape betre balanse av arbeidsplassar, pendlarar og makt i heile området. Utflyttingane vil vere relativt enkle å gjennomføre så fort ei husleigekontrakt har gått ut, og få vil trenge å flytte langt. Kvifor ikkje meir kan flyttast til Stange, Eidsvoll, Sarpsborg og Kongsberg er meg ei gåte. Ingen landsdel er meir sentralisert og prega av det enn Austlandet. Ingen landsdel hadde det vore enklare å endre delar av denne dynamikken kjapt og billig.

Sånne små einingar på 10–20 tilsette som Høgre, Framstegspartiet og Venstre skryt av å opprette på små og mindre stader er utruleg sårbare. Dei er enkle å leggje ned med krav om at ein etat må vere meir effektiv og fagmiljøet må verte meir robust.

Denne avdelingskontor-reforma er den viktigaste sigeren for stortingsrepresentant André Skjelstad og det såkalla distrikts-Venstre. Sjeldan har nokon jubla høgare over ei reform som er enklare å reversere. Utgreiingar kan alltid leggjast i ei skuff.

Ti arbeidsplassar i ei lita avdeling langt borte er korkje robuste eller sterke. Dei legg berre grunnlaget for ei ny omorganisering når kravet blir sterkare fagmiljø og robuste fagklynger. Vi veit det kjem. Sånn er tidsanda.

Bli abonnent

Da får du tilgang til alle artikler. Det tar under ett minutt.

Prøv Minerva for 1,- ut april.
Allerede abonnent? Logg inn

Fra forsiden