IDEER

Borgarleg krise – dansk løysing?

Christian Egander Skov meiner «blå blok» er i krise, og har sett seg føre å finne fram til felles grunn for det borgarlege Danmark. Han lukkast godt. Og bør lesast også her på bjerget.

Publisert Sist oppdatert

Det går mot folketingsval i Danmark. Det ser ut til å bli eit jamnt løp. På siste meiningsmåling får Mette Fredriksens raude blokk 84 mandat, medan den borgarlege blokka får 85. På vippen sit Moderaterne med sine 6 mandat. Partiet er eit utbrytarparti frå Venstre, starta av mannen som for berre fire år sidan var partiet sin statsminister, Lars Løkke Rasmussen. Og det seier vel sitt om kor kaotisk det er på borgarleg side i Danmark for tida. Det er no heile seks parti som definerer seg inn i den blå blokka. Du har dei to klassisk borgarlege partia Venstre og Det konservative folkeparti, som stiller med kvar sin statsministerkandidat. I tillegg har du det libertarianske Liberal Alliance, og populistpartia Dansk Folkeparti, Nye Borgerlige og Danmarksdemokraterne.

Bakgrunnen er ein valperiode som har gitt riksrettsdommar, detroniseringar, utbrytarparti og radikale veljarforflytningar – sjølv til Danmark å vere. På toppen kjem koronakrisa, der sosialdemokraten Mette Fredriksen vart ståande med tung, landsmoderleg autoritet og innskrenka individuelle fridomar av omsyn til fellesskapet – medan dei borgarlege partia ikkje ante kva fot dei skulle stå på. Kva er eigentleg den danske borgarlegheita for tida, har dei eit felles prosjekt, og kan dei vinne valet?

Christian Egander Skov er forfattar og historikar med bakgrunn frå Det konservative folkeparti, og har skrive boka Borgerlig krise. Aktualiteten er det foreståande folketingsvalet og den kaotiske valperioden som ligg bak danskane. Men lerretet Skov spenner opp er langt større. Han meiner dei borgarlege partia er i ideologisk krise, og at den har vart lenge. Problemet er, ifølgje Skov, kort oppsummert som følgjer:

Etter liberalismen sitt nær sagt totale idéhistoriske hegemoni gjennom 80-, 90- og det tidlege 2000-talet, som var samlingspunktet for det borgarlege Danmark, har den nye tidsanda (som Skov kallar postliberalismen) med kulturelle konfliktar, økonomisk ulikskap, sentralisering, innvandring og generell framandgjering, endt opp med å splitte den borgarlege fløyen i to hovudstrøymar: Dei nasjonalkonservative, som vil tilbake til det som ein gong var, og dei liberale globalistane, som forsvarar samfunnsutviklinga. Eller sagt på ein annan måte:

«Der er dem, der ønsker at holde fast i det, de oppfatter som essensen af deres borgerlige ideologi. Og så er det de andre, der vil besvare den postliberale utfordring ved at omfavne en antiliberal position. Begge positioner må oppfatte den anden som det primære, ideologiske problem.»

Dette er mildt sagt ikkje ei særdansk utfordring. Kløyvinga mellom liberale og antiliberale krefter går tvers gjennom det ein tradisjonelt har snakka om som borgarlegheita, eller sentrum-høgre, i dei fleste vestlege land. Trass i denne nær sagt uoverstigelege kløfta, har Skov sett seg føre å finne ut kva som kan sameine igjen.

Skov meiner fundamentet for dei tradisjonelle borgarlege Danmark kviler på tre søyler: Det liberale, det konservative og det folkelege. Og alle tre må vere på plass for at huset skal kunne stå.

Ei sentral tese i boka er at det liberale på eit tidspunkt vart for dominerande. Dette handlar om dei såkalla «89’arane», det vil seie generasjonen av politikarar som fekk sitt utsyn prega av Berlinmurens fall. Å rive ned grenser, både i konkret og overført tyding, vart det dominerande politiske prosjektet. Jo friare individa vart stilt, jo betre. Liberal marknadsøkonomi, frihandel og innvandring vart både moralsk rett og økonomisk ønskeleg. Verdipolitikken (sekularisme, kjønnsnøytral ekteskapslov m.m.) gjekk også jamnt i liberal retning.

Snart kom det ein kraftig motreaksjon mot den frie innvandringspolitikken. Seinare ein motreaksjon mot kapitalisme og økonomisk ulikskap. Og til sist ein verdikonservativ motreaksjon, som vi kan kalle anti-woke-rørsla.

Det ein på kvar sitt vis kan kalle populistiske eller folkelege motreaksjonar har vore krevjande for dei dominerande liberale fløyane i dei borgarlege partia, og har ført til etableringa av ei rekke høgrepopulistiske parti. I tillegg lukkast Sosialdemokratiet under sin leiar Mette Fredriksen særs godt førre val ved å dra partiet i meir folkeleg retning, i tydinga ein meir restriktiv innvandringspolitikk og ein velferdspolitikk retta meir mot arbeidarklassen. Skov meiner dei tradisjonelle borgarlege partia sine problem skuldast ei utvikling over tid der «balancen mellem borgerlighedens grundstoffer [har] forskubbet sig», sidan den historisk var basert nettopp i det folkelege:

«Historisk har det borgerligere Danmark været konstitueret af liberalisme, konservatisme og så en folkelig tradition. Og historisk set var den sidste i mange henseender den viktigste. I hvert fald har den spillet en langt større rolle, end man har været opmærksom på. Det folkelige handlede om partiernes tilknytning til levende fællesskaber på lokalt og nationalt niveau, og det handlede om en evne til at gribe og omfavne det mobiliserende potentiale i distinktionen mellem elite og folk».

Samstundes som Skov meiner borgarlegheita må finne igjen si folkelege forankring, åtvarar han mot å omfamne nasjonalkonservatismen til Donald Trump, Viktor Orbán og liknande rollemodellar. Høgre- og venstrepopulismen sitt ønske om meir folkeleg kontroll av det eine og andre er nemleg den rake motsetninga til ei heilt sentral innsikt i både liberal og konservativ ideologi: Behovet for institusjonelle rammer rundt makt(mis)bruk.

Populismen er demokratisk, i den forstand at den vil genpolitisere det politiske og vriste politik fri av teknokrati og institutionelle begrænsninger. Den borgerlige ideologi, derimod, er grundlæggende optaget af ideéen om institutionelle begrænsninger for magt. Heraf udspringer et principielt modsætningsforhold.

Vidare er problemet med nasjonalkonservatismen, slik Skov ser det, at den i sin natur er radikal og ikkje konservativ. Når analysen er at samfunnsutviklinga har gått så til dei grader i feil retning at det knapt er noko å bevare lenger, blir den naturlege konklusjonen å rive alt liberalt ugras opp med rota, for å finne tilbake til den vakre hagen som ein gong var. Ein slik framgangsmåte kan kallast mykje, men neppe konservativ, og har potensiale i seg for å gjere stor skade på eit samfunn: «Kulturpessimismens afgrund viser sig, og ligesom et depressivt menneske vil gøre de mest ufattelige ting for at skade sig selv, vil den depressive ideolog uvægerlig skade sit samfund, indtil undergangen er blevet en selvopfyldende profeti.»

Så kva blir den borgarlege vegen framover, dersom ein skal forkaste både 89’arane sin teknokratiske liberalisme, men også den høgrepopulsitiske ræaktionen?

Der boka til Skov er grundig og god både når det gjeld det historiske tilbakeblikket og den kontemporære analysen, er den nok svakare når det gjeld å peike ut vegen framover. Men han gjer likevel eit forsøk.

Skov meiner at «den borgerlige mission er at værne om den liberale orden i bred forstand». I dette ligg å ta vare på dei offentlege institusjonane basert på maktfordeling, men også andre institusjonar. Det gjeld særleg sivilsamfunnet («uden civilsamfunnets mellemliggende institutioner er der kun individ og stat tilbage»), familien og dei små lokalsamfunna. Det siste er nok ein del av ein borgarleg analyse der Danmark skil seg noko frå Noreg. I Noreg har dei raudgrøne partia Ap og Sp i moderne tid vore dei som gjer det best i grisgrendte strøk, medan i Danmark – som i det meste av Europa for øvrig – er landsbygda dei borgarlege partia si heimebane.

Nettopp difor er det verdt å dvele eit sekund ved poenget om distriktspolitikk. Skov meiner nemleg at den populistiske motreaksjonen i vestlege land i vel så stor grad handlar sentrum-periferi, som det handlar om innvandring eller økonomisk ulikskap som sådan. Han viser til professor ved London School of Economics, Andrés Rodriguez-Pose, som har vist «at det faktisk ikke er ulighed mellem personer, men ulighed mellom steder, der har skabt den populistiske reaktion. Og vi kender det godt. En ting er, at du tjener mindre end din nabo. Det går nok. Noget andet er at leve i et sjælenes ørkenlandskab, hvor alt inden for synsvidde befinder sig i samme tilstand af stagnation, forfald og håbløshed. I dette perspektiv er populismen ikke så meget den glemte mands oprør, som den er de glemte steders hævn (…) Nedgangsfortællingen har et klart nostalgisk præg, og hvis man er hævet over den slags, kan man jo nemt ryste det af sig. Men fornemmelesen af, at det bedste ligger bag os, er ikke noget at spøge med.»

At «distriktsopprøret» ikkje er noko å spøke med, har til dei grader blitt tydeleg også i Noreg, gjennom Senterpartiet sin astronomiske vekst gjennom førre stortingsperiode. At raketten for augneblinken er i ferd med å krasjlande ein plass i Stillehavet er ein annan sak. Men at det er mogleg å mobilisere mot samfunnets elitar gjennom å spele på sentrum-periferi-dimensjonen er heilt opplagt. Og Senterpartiet spelte stort sett ikkje på særskilt venstrevridde strengar, men snarare på strengar som resonnerer til høgre i det politiske landskapet: Protest mot skattar og avgifter, verdien av å ta vare på det kjente og kjære, styrka eigedomsrett og utnytting av naturressursar.

Christian Egander Skov gjennomfører ein grundig analyse av situasjonen i Danmark, med forholdsvis stor overføringsverdi også til situasjonen i Noreg. Boka er både god og lesverdig. Det må likevel seiast at skisseringa av eit framtidig samlingsprosjekt for borgarleg side er noko vag. Og ikkje minst er den grunnleggande konservativ. Å slå ring om liberale institusjonar i samfunnet er vel og bra. Det å bevare liberale framsteg dei tidlegare kjempa imot har jo på mange måtar vore det konservative kjerneprosjektet dei siste 100 åra. Kanskje kan det, ispedd ein meir solid dose folkeleg forankring og bevaring av tradisjonar og lokalsamfunn, vere nok til å sikre borgarleg styre og å halde den radikale nasjonalkonservatismen på avstand.

Men kanskje er det også behov for ein meir progressiv visjon? Sjølv om mange veljarar flest i bunn er forholdsvis konservative, og ikkje svermar for radikale prosjekt, ønsker nok manga likevel å slutte opp om eit optimistisk prosjekt som peikar framover. Då trengs det nok ein reformidé eller to, også for eit borgarleg prosjekt som ser verdien av det beståande. «Å forandre for å bevare» er ei sjølvmotseing ein bør omfamne. «Å bevare for å bevare» er neppe ei vinnaroppskrift.

Powered by Labrador CMS