SPALTIST

Jesidier demonstrerer foran Det hvite hus i mars 2019. Foto: Ezidixan/Wikimedia Commons (CC BY-SA 4.0)

Eit norsk ansvar

Noreg bør ta ansvar for å stilla norske syriafararar til rette. Og også bidra til ein internasjonal domstol for å stilla IS-medlemmer til rette for både folkemord mot jesidiane og andre brotsverk.

Publisert Sist oppdatert

«Fyrst lot alle det skje. No vert nesten ingen stilt til rette for det som skjedde. Medan det har blitt gjennomført eit regelrett folkemord.» Det seier den nederlandske frilansjournalisten Brenda Stoter Boscolo i eit nyleg intervju med Het Parool.

Boscolo har nettopp gjeve ut boka Het vergeten volk (Det gløymde folket), ei bok som så langt diverre kun er tilgjengeleg på nederlandsk. Det er synd, for det er ei viktig bok, ei bok som set søkjelys på den etnisk-religiøse minoritetsgruppa kjent som jesidiar, og på det dei vart utsett for av terrorgruppa IS, då denne tok kontrollen over store område i det nordlege Irak.

Jesidiane har vorte herja med mange gongar opp gjennom historia, ofte fordi dei har vorte skulda for å vera ein slags djevledyrkarar. Ifølgje IS var dei å sjå på som vantru, som eit folk ein kunne gjera med som ein ville. Menn vart slakta ned. Kvinner og born vart gjort til slavar og handelsvarer, kvinner blant anna som sexslavar, medan born vart hjernevaska, og i blant nytta som sjølvmordsbombarar i IS si teneste. I Het vergeten volk slepp dei sjølv til orde. Det gjev eit godt bilete av IS sin djevelskap. Det er ein djevelskap som – for å sitera Het Parool - «snødde ned i ein storm av IS-terror: dei store terroråtaka i Europa, halshuggingar og brenning av gissel, filming av dette».

For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

Minervas digitale årsabonnement til kr 799,-

Bestill her

Minervas digitale månedsabonnement til kr 99,- pr mnd,
første to uker kr 1,-

Bestill her

Minervas digitale årsabonnement + tidsskrift til kr 1249,-

Bestill her

Powered by Labrador CMS