DEBATT

Den skeive bevegelsen vil at transpersoner skal kunne vokse opp og leve gode liv, skriver politisk nestleder i Skeiv Ungdom, Robin Leander Wullum. Bildet er fra demonstrasjonen «We Won't Be Erased – Rally for Trans Rights» i Washington D.C. 22. oktober 2018.
Den skeive bevegelsen vil at transpersoner skal kunne vokse opp og leve gode liv, skriver politisk nestleder i Skeiv Ungdom, Robin Leander Wullum. Bildet er fra demonstrasjonen «We Won't Be Erased – Rally for Trans Rights» i Washington D.C. 22. oktober 2018.

Å verte trudd skader ikkje transpersoner – transfobi skader

Skeiv Ungdom svarer på kritikken fra KrF-politiker Truls Olufsen-Mehus.

Publisert   Sist oppdatert

Truls Olufsen-Mehus etterlyser fakta og forsking i sitt innlegg i Minerva den 10. januar, men bruker alt anna enn det sjølv. At kjønnsbekreftande behandling gir auka livskvalitet og betre psykisk helse hjå personar med kjønnsdysfori har lenge vore godt dokumentert. Det vert likevel meir og meir vanleg å hevde at det ikkje finst nokon forsking som beviser dette, noko Olufsen-Mehus ogso gjer. Dette svaret kjem difor til å innehalde mykje forskingslitteratur på feltet, som Truls på det sterkaste oppmodast til å lese.

Avvisning og trakassering har sterk sammenheng med selvmord

Olufsen-Mehus virker veldig bekymra for konsekvensane det kan få om foreldre må ta kjønnsidentiteten til borna sine på alvor. Han anklager Skeiv Ungdom mellom anna for å vere pådrivarar for kjemisk sterilisering av born. Her vil eg minne om at me fram til lovendringen i 2016 kjempa mot staten sitt krav om sterilisering for å få endre juridisk kjønn. Konsekvensane han peiker på er ikkje reelle. Derimot er dei negative konsekvensane ved å avvise bornet sin kjønnsidentitet og å nekte vedkommande kjønnsbekreftande behandling, slik Olufsen-Mehus synest å føretrekke, dokumentert ein høg risiko for liv og helse. Ifølgje studien «Suicide and Suicidal Behavior among Transgender Persons» publisert i Indian Journal of Psychological Medicine, er avvisning frå familie, venner og nærmiljø samt trakkasering frå partner og familiemedlem ein stor forklarande årsak til den høge sjølvmordsstatistikken blant transkjønna personar. Mellom 32 % til 50 % av transpersonar forsøker å ta livet sitt, ifølgje studien.

Riktig navn og pronomen – kjønnsbekreftende behandling for barn under 16

Ein studie gjort av Stephen T. Russell (Ph.D) m.fl publisert i Journal of Adolescent Health i 2018 illustrerer veldig tydeleg kor farleg Olufsen-Mehus sin haldning er. Samanlikna med jamnaldrande som ikkje kunne bruke sine føretrukke namn i nokon kontekst, opplevde unge transpersonar som kunne bruke sitt føretrukke namn i alle kontekstar 71% færre symptom på alvorleg depresjon, 34% reduksjon i rapporterte sjølvmordstankar, og ein 65% reduksjon i sjølvmordsforsøk. Kjønnsbekreftande behandling for born under 16 som ikkje er medisinsk myndige er i all hovudsak dette; at omgjevnadane bruker deira føretrukke namn og pronomen, og at dei får ha den hårfrisyra dei vil og gå i dei kleda dei er mest komfortable i. Fram til borna er 16 kan dei utelukkande få pubertetsblokkarar, noko som allereie brukast utbreitt blant cisborn som kjem for tidleg i puberteten. Når desse brukast av transkjønna barn for å utsetje pubertet assosierast dei med ein sterk betring i depresjon og generelle oppførsels- og emosjonelle problem som borna opplev. Effekten av pubertetsblokkarar er lett reversibel ved å slutte å ta dei. Dei storstilte hormonelle eller kirurgiske inngrepa som Olufsen-Mehus synest å innbille seg finn stad på born er korkje dagens medisinske praksis eller noko me tek til orde for.

Bedre helse etter hormonbehandling

Ein studie om velvære og suicidalitet hjå transkjønna ungdom etter kjønnsbekreftande hormonbehandling, publisert i tidsskriftet Clinical Practice in Pediatric Psychology gjeve ut av The American Psychological Association, seier følgande:

«This study is a longitudinal evaluation of the effectiveness of gender-affirming hormones for improving psychological well-being and decreasing suicidality among transgender youth referred to a transgender health specialty clinic at a large Midwest children’s hospital. […] Results: After gender-affirming hormones, a significant increase in levels of general well-being and a significant decrease in levels of suicidality were observed. Conclusion: These findings suggest that gender-affirming hormones are a valuable medical intervention with promising psychosocial outcomes for transgender youth.»

Dei positive funna frå denne undersøkinga støttast i mange systematiske oversikter (bl.a. her, her og her). Ein systematisk oversikt er ein studie som vurderer og oppsummer funn frå all forsking av høg kvalitet som er relevant for ein spesifikk problemstilling, noko som gjer at dei har særleg tyngde i vitskapelege debattar. Cornell University har ogso gjort ein systematisk litterær gjennomgang på alle fagfellevurderte artiklar publisert på engelsk mellom 1991 og juni 2017 som skriv om effekten kjønnsbekreftande behandling har på velværa til transkjønna individ. Dei fann 55 studier som hadde dette som sitt hovudtema, der 51 studiar (93%) fann at kjønnsbekreftande behandling betra den generelle velværa til transpersonar, og 4 studiar (7%) rapporterte blanda eller utydelege resultat. Dei fann ingen studiar som konkluderte med at kjønnsbekreftande behandling jamt over var skadeleg.

Kunnskap som inkludering og antidiskriminering

Det finst ingen vidunderkur for å endre diskriminerande haldningar, men eit av tiltaka me veit fungerer er kunnskap. Difor har me i Skeiv Ungdom starta skuleprosjektet Restart. Det er eit tiltak som får økonomisk stønad frå Utdanningsdirektoratet, og som vert tilrådd av mange, mellom anna den forrige Regjeringa, som KrF no er ein del av. Målet med undervisninga er å auke kunnskapen om kjønns- og seksualitetsmangfald, og å skape ein skule fri for mobbing der alle kan vere seg sjølv uansett om ein er trans eller cis, skeiv eller ikkje-skeiv.

Olufsen-Mehus maler eit dramatisk bilete når han skriv om alle dei gråtande foreldra som kontakter han om at dotter deira no vil ha skjegg.Eg vil tru at han ikkje har vorte kontakta av dei fleire hundre transpersonane i Noreg som har fått tilgong på kjønnsbekreftande behandling som dramatisk har betra livskvaliteten deira. Han har heller ikkje snakka med alle dei transpersonane me har mista til sjølvmord, fordi dei ikkje fekk ein moglegheit til å leve gode liv som seg sjølv på grunn av diskriminering og manglande tilgong til kjønnsbekreftande behandling. Til sjuande og sist, so handler ikkje denne debatten om korvidt oss i den skeive rørsla vil gjere alle Noregs cisborn til transpersonar. Me vil derimot at dei av oss som er transpersonar skal kunne vakse opp og ha gode liv, utan at halvparten forsøker å ta liva sine på grunn av den typen retorikk som omtaler transmenn som små jenter med flate bryst og skjeggvekst.